Arthurhelga

Kong Arthur-spelet er det mest morosame spelet på Sunnmøre. Det går føre seg i august på Sandsøya.

Dei lokale skodespelarane gjer ein glimrande jobb og dei får latteren til å sitte laust i publikumsrekkjene.


Spelet vert vist laurdag og søndag under Arthurhelga, men helga startar tidleg fredag med mykje folk som kjem til øya.

Det vert rett og slett eit sydande folkeliv, og i tilligg til lokale kjem det underhaldsningskrefter utanfrå.

Ved Rosenlund som er øya sin bryggjerestaurant, er det stort båttreff og treff for tilreisande med bubilar.

Under Arthurhelga ryddar dei golvet og hyrer inn danseband.


Du som reiser til Sandsøya denne helga, får ei oppleving for livet!


Sjå fotoa og videoane under,


eller besøk nettsida til Kong Arthurspelet her.


Tingmenn løyser Sørøy-problem. Arthurspelet 2013.

Frå Arthurspelet 2013.

Arthurspelet 2013.

Rulletekst under Arthurspelet 2013.

Innovative sandssokningar  under Arthurspelet 2013.

Publikum ved ei av framsyningane i 2013.

Nonnene dansar for og med Kong Arthur. Kong Arthurspelet 2013.