Sandsøya og Voksa

ligg i havgapet  rett nord for Stad. Om du ikkje kjem i eigen båt, må du ta ferje. Ho går i eit firkantsamband mellom Larsnes, Åram, Voksa (som har veg til Sansøya) og Kvamsøya. Du kan ta ferja frå Larsnes eller Åram.

Frå Volda/Ørsta kjem du til Larsnes via Eiksundsambandet og så kan du ta ferja frå Larsnes til Voksa (ca. 30 min), Frå Ålesund tek du ferja mellom Sulesund og Hareid og så frå Larsnes. Frå Nordfjordeid og Måløy køyrer du til Åram og tek ferja rett over til Voksa (15 min).


Orienter deg om ferjerutene her.