Nord West Hytter

Skare på Sandsøya - Sørøyane - Møre og Romsdal                         Tlf: 995 22 999

Kvifor reise til Syden

når du kan reise til  Sandsøya?

Masse frisk luft,

fine turar med panoramautsikt,

fiske og norsk natur på sitt beste.

Med andre ord: Kortreist luksus!

Brusen

er ei hytte på omlag 40 kvm, med stue/kjøkken, to soverom, gang og bad. Ho er fullt utstyrt for fire personar med alt frå vaskemaskin, oppvaskmaskin, komfyr, micro, flatskjerm/Canal Digital, radio osv. Det er også mulig å gjere avtale om å leige ein 18 fot stor båt med 15  hk motor.  På fineversdagar er det mange flotte fiskeplassar rundt Sandsøya, og mange spanande maritime turar.


Brusen har ei opa løysing med koseleg sofakrok, og store vindauge som slepp inn mykje lys.

Nede på berga, eitt minutt å gå frå Brusen, har vi plassert denne "Havbenken".

Der kan du sjå på havet og finne roa.

Hyttene på Skare har eiga hamn.

Leiger du Brusen har du også sjanse til å låne båt.

I hamna er der eige naust med sløyerom, i andre etasje er der frysarar for dei som treng nedfrysing av fangsten.

Koseleg sofakrok med foto frå Sørøyane som pyntar opp på veggane.

Brusen kan trygt anbefalast for ein koseleg weekend eller ferie på Skare. Frå hytta har du eit svært godt utgangspunkt for turar både til havs, rundt om på Sandsøya og til fjells. Skal du til Dollsteinhola startar turen rett bak hytta.